Fyrverkeri

All bruk av fyrverkeri er regulert av lover, forskrifter og lokale føresegner. Generelle tips til bruk, kjøp og salg av fyrverkeri finn ein her.

Fyrverkeri Kvam brann og redning

Bruk av fyrverkeri på nyttårsaften

Det er tillete for privatpersonar å bruka fyrverkeri på nyttårsaftan, frå kl. 18.00 til klokka 02.00.

Bruk av fyrverkeri andre dager enn nyttårsaften

Om du ynskjer å nytta fyrverkeri utanom nyttårsaftan må ein søkja om løyve til det. Dersom ein ynskjer å nytta fyrverkeri andre dagar enn nyttårsafta må ein søkja om dette til politiet. Sjå lokal forskrift for Kvam herad her.

Dersom oppfyringa skjer i tettbebyggelse, nær tørr skog eller andre brannfarlege omgjevnader skal også brann- og redningsvesenet gje løyve. For å søkja til brann- og redningsvesenet kan ein fylla ut eit digitalt søknadsskjema. Dette er regulert i Forskrift om handtering av eksplosjonsfarlig stoff § 2-10.