Rehabilitering av skorstein

Skorsteinen vert utsett for påkjenningar frå fyring, vær og vind. Difor vil ein skorstein, til liks med andre bygginstallasjonar, i blant ha bruk for oppgradering og rehabilitering.

Dersom feiaren gjer deg beskjed om at det er på tide å rehabilitera, er det fordi branntryggleiken i skorsteinen er sveikka, og kan utgjera ei fare for brann.

Rehabilitering av skorsteinar er ikkje ei enkel oppgåve og må berre utførast av eit kvalifisert firma, altså eit firma om har sentral godkjenning for å utføra denne typen oppgåver, eller firma som kan dokumentera fagkunnskap som gjev lokal godkjenning frå kommunen. Det er tilrådeleg å sjekka referansar.

Søknadsplikt

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova (§ 20-1, bokstav f). Det er gjerne firmaet som utfører arbeidet som også ordnar med søknadsprosessen.

Korleis vert skorsteinar rehabilitert?

Den vanlegaste måten å rehabilitera på er å setja inn et nytt innerrør i skorsteinen. Det finnes tre typer innerrør: i keramikk, i sement og i stål. Det er også mogleg å rehabilitera skorsteinen gjennom å utbetra skader og slamma den innvending. Du står fritt til å velja type og framgangsmåte, og kan oppleva å få ulike tilrådingar frå ulike firmar, basert på faglege vurderingar om kva som er best for din skorstein.

I dei fleste tilfelle vert skorsteinen sitt ytre behalde, og fungerer ytterdelen berre som ei støtte for det nye innerrøret. For deg som huseigar vil det då ikkje vera synleg inne i huset at skorsteinen ha fått nytt innerrør.

Rehabilitering av skorstein kan føra til endringar av oppstillingsvilkår for skorstein i eit rom skorsteinen går gjennom. Firmaet som gjennomfører rehabiliteringa har ansvar for å fortelja deg som huseigar om moglegheiter og avgrensningar når du rehabiliterer; ver ikkje uroleg for å stilla dei spørsmål.