Informasjon om bålbrenning / jonsokbål

Det er forbode å gjera opp eld eller behandle brannfarlige gjenstander utandørs under slike tilhøve eller på ein slik måte at det kan føra til brann. Ein må ikkje forlata oppgjord eld før den er fullstendig sløkt.

Pixabay / 12019 / 10257   

Det er forbod mot open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark i tida 15. april til 15. september.

Det er likevel tillate å gjera opp eld når det heilt åpenbart ikkje kan føra til brann. Det kan til dømes vera når det ligg snø på bakken eller det har regna ei god stund. Du kan også for eksempel grilla på stranda med god avstand til skog og vegetasjon. 

Sjå god informasjon om bålbrenning her.

Meld frå

Dersom du skal brenna bål, som for eksempel hageavfall, meld frå til brann- og redningsvesenet med informasjon om kvar og når det skal brennast og telefonnummer til den ansvarlege. Dette for å unngå unødig utrykking. Dersom bål ikkje er meldt inn og det fører til unødig utrykking kan ein risikera å verta ilagd gebyr som dekker brann- og redningsvesenet sin kostnad med utrykkinga.

Ta kontakt med vakthavande brannsjef i Kvam herad på telefon 948 48 110 dersom du skal brenna bål.

På jonsokafta gjeld dei vanlege reglane som elles, men ein treng ikkje melda frå om jonsokbål til brann- og redningsvesenet.