Trafikksikringsplan 2024-2027

Trafikksikringsplan for Kvam er rullert for perioden 2024-2027.

Ei prosjektgruppe med representantar frå Vestland fylkeskommune, lokal trafikkskule, lokal transportnæring, Trygg Trafikk, politi, ungdomsråd og Kvam herad har stått for rulleringsprosessen. Innspel til planen kom frå mange ulike sektorar som grendeutval, transportsektor, skular og barnehagar, ungdomsråd, Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune og enkelt-personar.

Formål med planen:

Gje ei heilskapleg oversikt over trafikkulukker på vegane i Kvam, og ut frå detteleggja grunnlag for tiltak i perioden 2024-2027 som i sum skal bidra til reduksjon av trafikkulukker i heradet. Tiltaka skal inkludera både fysiske og ikkje-fysiske tiltak, og vera eit grunnlag for prioritering av ts-midlar innanfor tilgjengelege økonomiske rammer, både lokalt og sentralt.

Planen kan lastast ned her (PDF, 3 MB) eller lesast under (dersom nettlesaren din stør framsyning av PDF).