Beredskapsrådet samlar representantar frå kommunen, naudetatane, helse- og omsorgstenestene, Sivilforsvaret, Forsvaret, frivillige organisasjonar, eigarar av kritisk infrastruktur og andre verksemder som har ei rolle i førebygging og handtering av kriser.
Beredskapsrådet er i tråd med nasjonale anbefalingar om å styrkja samordninga mellom aktørar som har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap. Gjennom rådet får kommunen og samarbeidspartnarane ein arena for informasjonsdeling, dialog og samarbeid om aktuelle utfordringar.
Medlemmene i rådet er oppnemnde av heradsstyret og representerer sentrale aktørar innan samfunnstryggleik og beredskap i Kvam herad.
Gjennom regelmessige møte deler deltakarane informasjon, drøftar aktuelle utfordringar og vurderer risikoar som kan påverka lokalsamfunnet. Rådet bidreg til at aktørane blir betre kjende med kvarandre sine roller, ansvar og ressursar, og styrkjer samarbeidet på tvers av sektorar.
Beredskapsrådet er rådgjevande og har ikkje eit operativt ansvar ved hendingar. Tema som kan vera aktuelle for rådet er mellom anna naturhendingar, langvarige bortfall av straum, telefon og internett, større ulukker, smitteutbrot og andre hendingar som kan påverka innbyggjarane og kritiske samfunnsfunksjonar.