Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen er lokalisert og vatnet er tilbake i Norheimsund og i største delen av Øystese. Delar av Vavollen er framleis utan vatn.
 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Presentasjonar frå møtet torsdag 10.11.2022

 Torsdag 10.11.2022 hadde Kvam herad i samarbeid med Kvam Energi Nett as eit felles møte for reglar som gjeld på ein campingplass. Under finn de presentasjonane frå møtet.

Presentasjonane:

Lenke til regelverk på lovdata:

Lenke til forskrift:

Lenke til spørsmål/svar på departementet si heimeside om campingplassar:

Bakgrunn for møtet er eit mål om å gå felles tilsyn på campingplassar i kommunen for å sjekke el-sikkerheit, brannsikkerheit og krav som ligg i plan- og bygningslova. Me har planar om å gå første tilsyn til våren og det vert varsla i god tid før gjennomføring av tilsyn.

Det vert jobba med sida forløpande for å legge ut nyttig informasjon om reglar knytt til campingplassar.

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.