Skjenkjeløyve

I Kvam har me det to slag skjenkeløyve. Det er løyve for faste skjenkjestader som til dømes pub, restaurant eller kafé og løyve for einskilde høve som t.d. ein dans eller tilskiping på ungdomshus. 

Om du skal arrangera ein dans, pub, brudlaup eller jubileum o.l. med sal av alkohol i eit ungdomshus eller anna offentleg lokale, søkjer du om skjenkeløyve for eit einskild høve. Dette løyvet gjeld berre for eitt arrangement og er avgrensa i tid. Det er litt mindre krav til eit einskildløyve enn ved faste løyve.

Skal du opna ein serveringsplass som t.d. ein pub, og ynskjer å ha eit fast løyve som gjeld for ein lengre periode, skal du søkja om fast skjenkeløyve. 

Ambulerande løyve vert ikkje gjeve i Kvam. Dette er eit løyve som har strenge reglar knytt til lukka lag, som ofte kan vera vanskeleg å følge slik lova set krav om. Difor har Kvam vald å leggja inn eit nivå i søknad om einskildhøve som skal dekkja det som hadde vore gjeve som eit ambulerande løyve i andre herad. 

Nils Anders Bolstad
Leiar
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20