Sals- og skjenkjekontrollen i Kvam har all kontrollverksemd i Voss, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Kvam, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Modalen.
Sals- og skjenkjekontrollen skal kontrollera alle sals- og skjenkeplassar for å sjå til at dei held seg til reglane i alkohollova og dei kommunale retningslinene. Det skal vera minimum tre gonger så mange kontrollar per år som det finst løyver og kvar plass skal ha minste ein kontroll i året.
For regionen som sals- og skjenkekontrollen har ansvar for, er det om lag 105 salsløyve og 190 skjenkeløyve, og det vert gjennomførd ca. 900 kontrollar kvart år.
Organisering
Skjenkjekontrollar vert stort sett haldne fredag og laurdag på kveld og natt, men kontrollørane kan koma på besøk alle dagar i veka. Det er alltid to kontrollørar på skjenkjekontrollane. Kontroll av sal i butikkar og liknande vert haldne alle dagar i veka innanfor opningstidene, med ein kontrollør.
Kontrollane kan gjennomførast som anonyme kontrollar eller opne kontrollar der kontollørane legitimerer seg.
Kva ser me etter?
Alle krav i alkohollova og forskrifta er ting som kontrollørane sjekkar ute på kontroll. Nokre ting er likevel meir i fokus:
- Aldersgrensene, både på gjestene og dei tilsette
- Sals- og skjenkjetidene
- Om det vert skjenkt eller seld alkohol til openbart påverka
- Internkontroll
- Om det vert teke alkohol med inn eller ut av skjenkjeplassen
Kva skjer ved brot?
Om kontrollørane ser eit eller fleire brot, tek kontrollørane kontakt med den ansvarlege på plassen og går igjennom observasjonane før dei forlet plassen. Etterpå vert det skrive ein tilleggsrapport. Her vert brotet omtala i detalj og kva for paragrafar i alkohollova dei meiner er brotne. Rapporten vert so send til den ansvarlege kommunen som tek over den vidare oppfølginga. Dei skal senda rapporten til løyvehavar innan ein veke etter brotet, og løyvehavar har to veker på seg til å koma med deira kommentarar til rapporten.
Etter dette vert det opp til kommunen kva konsekvens brotet skal få. Mellom anna kan dei gje prikkar etter nasjonal forskrift eller i verste fall stoppa løyvet i ein periode.
Meir informasjon
Du kan lesa meir om kontroll og og sanksjonar på Helsedirektoratet sine nettsider.