Skjenkjekurs

Det vert halde kurs i skjenking av alkohol éin til to gonger i året. Desse kursa rettar seg mest til lag og organisasjonar som ynskjer å skjenkja alkohol på såkalla einskildløyve. Kurs vert annonsert. 

Dei alkoholpolitiske retningslinene til Kvam seier at for å få skjenkjeløyve for einskildhøve, må styrar og stedfortredar, samt 1/3 av vaktene (her meiner me personell knytt til skjenkjinga) ha teke skjenkjekurs i regi av sals- og skjenkjekontrollen. Dei vert òg godkjende om dei har bestått kunnskapsprøva. 

Kurs

Dei kursa som vert haldne, vert annonsert på Facebook. Kurset tek for seg det grunnleggjande ein må kunna for å ha ansvarleg skjenkjing. Kurset varar om lag to timar.   

Pris

Kurs for lag og organisasjonar er gratis. Laget held lokale og eventuell servering.

Tinging

Kontakt eining for alkohol og servering for å avtala kurs eller følg med på Facebooksida.