Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Voss og Hardanger bestandsplanområde

To vald i Kvam er med i Hardanger og Voss bestandsplanområde.

Valda som er med i bestandsplanområdet samarbeider om å utarbeida bestandsplan for hjort. Valda som er med,  har framleis dei grunnleggjande rettane som vald og får tildelt fellingskvote av heradet.

Valda som er med, har høve til å samarbeida med kvarandre og kan selja og byta løyve mellom valda.

Vald i årsleveområde for Hardanger og Voss kan melde seg inn i bestandsplanområdet.

Representant for Hardanger og Voss bestandsplanområde er Harald Fykse

Godkjent bestandsplan (PDF, 128 kB)

Om området

Området Hardanger og Voss årsleveområde for hjort er avgrensa til delar av herada Kvam og Voss og heile Ulvik herad. For Kvam er delinga geografisk aust for Fyksesundet, og for Voss er det gjort avgrensing mot vest og nord. Grensene er sette etter valdgrenser. 

Vald og løyve i setnadsplanområdet

Thea Helena Opheim
Sakshandsamar landbruk
E-post
Telefon 56 55 06 19
Mobil 95 96 94 11

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.