Alle som omset kjøt må etterleve ei rekke krav. Mellom anna at berre friske dyr skal bli til mat og at kjøtet er handtert slik at risiko for bakteriar og mugg er minimal.
Jegerar kan omsette heile eller grovparterte dyr (maksimalt delt i 8 delar) til privatpersonar som ikkje kan selje kjøtet vidare, føresett at dette skjer på ein trygg og hygienisk måte. Jeger er alltid ansvarleg for det kjøtet han sel eller gjev vekk (Matlova § 16). Jegerane kan også levere kjøt til godkjente vilthandteringsanlegg saman med indre organ og hovud. Då vert det kontrollert av Mattilsynet.
Sal av viltkjøt definert som matproduksjon
Men dersom ein jeger ynskjer å selje parterte dyr (slakt delt opp i meir enn 8 delar), vert aktiviteten definert som matproduksjon og hygieneregelverket vert gjeldande. Mellom anna må jeger registrere seg som næringsmiddelverksemd og ei rekke krav vert stilt, mellom anna hygienekrav til lokale og utstyr, sporbarheit, HAACP, og merking. I tillegg er det krav om å registrere verksemda hjå Mattilsynet.
Meir informasjon finn du på her: Krav når viltkjøtt skal seljast eller gis bort | Mattilsynet
Thea Helena Opheim - sakshandsamar landbruk.