Jakt i Kvam

All jakt skal gå føre seg slik at ein tek vare på produktiviteten til naturen og artsrikdomen. Jakt er både friluftsliv og regulering av viltsetnader.

Landbruksdirektoratet har det overordna ansvaret for å forvalte det haustande viltet og utforma regelverk for jakt og fangst. På landbruksdirektoratet.no kan du finne relevant regelverk. Her er òg skjema om godkjenning eller endring av vald.

Kommunane har ansvar for dei offentlege verdiane knytte til hjortevilt, til dømes jakt og friluftsliv, naturmangfald, påkøyringar og andre samfunnsskadar. Kommunen fastset minsteareal, godkjenner vald, bestandsplanområde, bestandsplanar og gjev fellingskvotar.

Statsforvaltaren har føre klager på kommunale vedtak som gjeld hjortevilt.

Utøving av jakt 

For å ha rett til å jakta må du ha bestått jegerprøva, svara årviss jegeravgift til staten og ha løyve frå grunneigar. For å jakta storvilt med rifle må ein ha avlagt skyteprøve same året.

Meir informasjon om jakt finn du på sidene til jeger- og fiskarlaget (NJFF).

Det er eigne jakttider dei ulike vilta

Jakt- og fangsttider 2022–2028 (miljodirektoratet.no)

Jakt på hjort i Kvam herad 

•    Minsteareal for Kvam er 450 dekar for jakt på hjort. Vald med høgt trykk av hjort og mykje skade på jordbruksareal kan søkje heradet om fråvik frå minstearealet.
•    Jakttid for hjort er 1. september–23. desember. 
•    Heradet gjev fellingsløyve på hjort til valda i Kvam herad etter minsteareal og fråvik av minsteareal. 

Valda gjev løyva vidare ut til jaktfelta eller jaktrettshavarane i valdet.  

Jakt på Grågås i Kvam herad

Kvam herad har forvaltingsplan for grågås og eigen forskrift som opnar for tidleg jakt på grågås. 

Sjå forvaltingsplanen (PDF, 3 MB)

Jakttid for grågås

  • Tidleg jakt på grågås mellom kl. 24.00 og kl. 10.00 frå 26. juli til 9. august. 
  • Ordinær jaktstart er frå 10. august og ein kan då jakta heile døgeret. 

Forskrift om tidleg jakt på grågås, Kvam herad, Hordaland - Lovdata

Fellingsavgift hjort

Me har fellingsavgift på hjort. Avgifta går inn på det kommunale viltfondet. 
Fellingsavgift for 2024: 

  • Kalv: 100 kr
  • Vaksen: 250 kr

Faktura vert sendt til valdleiarane.
Skrapdyr som er meldt inn til heradet får ikkje fellingsavgift. Dette gjeld vaksne dyr på mindre enn 30 kg og kalvar under 15 kg. 
Hjort skoten på skadefellingsløyve vert lagt til på talet dyr til valdet. 
 

Thea Helena Opheim
Sakshandsamar landbruk
E-post
Telefon 56 55 06 19
Mobil 95 96 94 11