Brukarstyrt personleg assistent

Kva tilbyr me?

Brukarstyrt personleg assistentsordning (BPA) er ein alternativ måte å organisera praktisk og personleg bistand i dagleglivet både i og utanfor heimen for personar med stort hjelpebehov. Målet er at du skal ha eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv trass for funksjonshemning.

BPA vert vurdert etter kva tenester du vil få tildelt med ordinære tenester som heimehjelp, støttekontakt og anna.

 

Kvam herad har avtale med desse verksemdene for BPA-ordning 06.06.2022 til 05.06.2027:

  • Abcent
  • Aberia
  • Assent
  • Brageva
  • Ecura
  • AssisterMeg  AS
  • Hav
  • HumanCare
  • Jag
  • Medvind Assistanse
  • Prima Assistanse
  • Stendi
  • Uloba
  • MIO

Kven kan søkja?

BPA passar til deg som er yngre og funksjonshemma, og som ynskjer å leva eit sjølvstendig liv. Du kan organisera hjelpa sjølv ved å tilsetja og leia dine eigne assistentar. Du sjølv eller ein annan person som du peikar ut, må vera arbeidsleiar for assistentane.

Du har krav på tenesta organisert som BPA når du:

  • er under 67 år
  • har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse

Kva kostar det?

Du betaler berre for heimehjelp. Sjå info om kommunale satsar.

Søknad

Søknadsskjema

Meir om søknaden her

Lover og reglar

Meir informasjon om retten til BPA finn du i pasient- og brukarrettighetslova § 2-1, d

Klage

For meir informasjon sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no