Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.


 Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre. (Tidlegast søndag 14.12.2025.)

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Skulekrinsar i Kvam

Opplæringslova opnar opp for at elevar kan søkja om å få gå på ein annan skule enn den eleven soknar til, men opplæringslova gir ingen rett til å gå på ein annan skule enn nærskulen.

   

Det er krinsgrensene som regulerer kva som er nærskulen. 

Forskrift om byte av skule i Kvam herad 

Kvam heradsstyre har vedteke ny forskrift om byte av skule i Kvam herad. Forskrifta gjeld frå 10.11.2025 

Forskrifta kan lesast her.

Ved ynskje om å gå på anna skule enn nærskulen, må føresette/elev søkja til den skulen eleven ynskjer å gå på. Rektor handsamar søknaden etter forskrift om byte av skule.   

Saka om skulebyte vart handsama i Kvam heradsstyre 7. november 2025. 

Søknadsskjema om byte av skule finn du på denne lenka.

Skuleskyss ved byte av skule

Utgangspunktet i Opplæringslova § 4-1 inneber at  elevar har rett på skyss til den skulen som eleven til ei kvar tid går på, uavhengig av kva som er nærskulen. Hovudregelen kan fråvikast dersom byte av skule ikkje har samanheng med å sikra retten til opplæring, og det kan i enkelte situasjonar vera lov å stilla som vilkår at skyssen vert dekka av føresette.

 

Les meir om:

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.