Råd og rettleiing
Foreldrerettleiing handlar om korleis foreldre sjølv kan hjelpa og stø barn og ungdom når dei har det vanskeleg, eller har ei åtferd som opplevast som utfordrande.
Me fokuserer på å styrkja dykk i øvinga som foreldre sett ut frå det barnet treng. Me hjelper til å styrkja foreldre i omsorgsarbeidet og foreldrerolla, slik at foreldra sjølve kan hjelpa barnet over tid. Når me talar med barn og ungdom aleine, er det berre etter samtykke frå foreldra.
Nokre gonger opplever foreldre at barnet ofte viser teikn på at det ikkje har det bra, eller at dei jamt er i konflikt med barnet. Familien kan få hjelp til å styrkja tilhøvet seg imellom og handtera konkrete utfordringar. Dette kan leie til betre samhandling og mindre opplevd stress for alle. Me kan bidra til å (re)etablera gode rutinar slik at familien opplever ein god kvardag.
Familiesamtaler
Nokre gonger kan det vera godt å få hjelp til å tala saman i familien. I familiesamtaler får alle fortelja om, og lya til tankane til kvarandre. Me fokuserer på korleis familien kan stø kvarandre, og gje særleg støtte til barnet som det er søkt hjelp for.
Samtaler med barn og unge
For barn i alderen 0–13 år vert det vurdert om individuelle samtaler er best eller om rettleiing til deira omsorgspersonar er meir tenleg. Der det vert avtalt samtalar med barn og ungdom fokuserer vi på kva barn og ungdom sjølv kan gjera for å få det betre. Rettleiar vil prøve å forstå korleis barnet opplever seg sjølv og sin situasjon.
Me kan for eksempel arbeida med tanker og kjensler, øva på å meistra konkrete utfordringer eller andre ting som kan bidra til bedre psykisk helse og trivsel.
Me tenker det er viktig å samarbeida med foreldre og andre voksne som kan bidra med å gjera situasjonen bedre.
Visa veg til og samarbeide med andre tenester
Etter samtykke kan me rettleia i kontakt med andre tenester, eller samarbeida rundt barnet og familien. Dette kan for eksempel vera helsestasjon, barnevern, PPT, fastlege, BUP, skule, barnehage og liknande.
Rask hjelp ved brå hendingar i livet
Nokre gongar skjer det noko i familien som kan vera vanskeleg å handtera. Då kan det vera godt å få bistand og støtte frå nokon utanom næraste nettverk.
Foreldrekurs
Familiesenteret arrangerer jamnleg foreldrekurs der ein har fokus på korleis ein kan møte og forstå barnet sitt på ein anna måte. Du finn meir informasjon på ei eiga nettside.