
I tillegg til å beskrive fordeling av myndigheit og ansvar mellom ulike folkevalde organ, andre organ, ordførar og rådmann, så inneheld delegeringsreglementet også reglar for korleis delegerte fullmakter skal brukast. Dette er viktig for å sikra ei handlekraftig og trygg forvaltning, og at alle avgjersler vert tekne innanfor dei rammene som er fastsette av Kvam heradsstyre.
Ei målsetjing med delegeringsreglementet er at det skal vera eit viktig verktøy for å sikra effektiv internkontroll, sikra brei folkevald påverknad og engasjement, samt bidra til å oppnå ein rasjonell og effektiv saksgang.
Delegeringsreglementet gjeld for alle organ og all verksemd og vart vedteke i heradsstyret sitt møte 12.12.2024 i sak 136/24.
Lenkje til delegeringsreglementet
Ved å gå inn på denne lenkja så finn du pdf-versjonen av vedteke delegeringsreglelment: Delegeringsreglement for Kvam herad (pdf-versjon). Hovuddokument. (PDF, 522 kB)
Ved å gå inn på denne lenkja så får du lesetilgang til KF delegering som har ein oversikt over alle dei delegerte lovheimlane: Lenkje til KF Delegering