Er du oppteken av ei sak eller eit tema, kan du fremja eit innbyggjarframlegg. Slik kan du setja nye saker på den politiske dagsordenen i Kvam.
Innbyggjarframlegg er eit verkemiddel for å fremja nye saker, ikkje for å ta avgjorde saker opp på nytt. Dersom du sankar nok støtte til og fremjar eit framlegg, er heradsstyret plikta til å ha det føre innan seks månader.
Slik sender du inn eit innbyggframlegg:
- Skriv tydeleg kva framlegget handlar om.
- Skaff underskrifter frå personar som stør framlegget. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
- For å vera gyldig, må minst 2 prosent av dei som bur i kommunen, stø framlegget, dvs. 170 underskrifter per andre kvartal 2020.
- Framleggsstillar og dei som skriv under, må vera busette i Kvam, men treng ikkje vera fylt 18 år.
- Du kan bruka nettportalen misak.no til setja fram saker og samla underskrifter.
- Framlegget kan berre havast føre éin gong i løpet av ein valperiode, her kan heradsstyrert gjera unntak.
Sjå òg rettleiar til innbyggjarframlegg (i PDF, på regjeringen.no).
Sist endra 13.02.2025 08:26