Søknad om skuleskyss for særleg farleg eller vanskeleg skuleveg Skulane skal registrera elevane som skal ha skuleskyss i Skyss sitt program innan 1. mars. for komande skuleår. Søknadsfrist 5. februar 2025 Legg merke til fylgjande: Treng ikkje å søkjaElevar som har meir enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2. – 10.trinn) skuleveg, og som reiser med skulebussen treng ikkje gjera noko. SidevegDersom skulevegen er meir enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2. – 10.trinn), og de meiner skulevegen fram til eleven kjem seg på bussen, er særleg farleg eller vanskeleg skal de fylla ut Skyss sitt skjema for søknad om skuleskyss grunna særleg farleg skuleveg. HovudvegDersom skulevegen er mindre enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2. – 10.trinn), og de meiner at skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, er det Kvam herad som skal handsama søknaden. Delt bustadFor elevar med delt bustad (mor og far ha ulik adresse, og barnet/ungdomen bur begge stader) som skal ha eller det vert søkt om skuleskyss for, ber me dykk fylla ut skjemaet "Avtale om delt bustad" frå Skyss. Me ønskjer også at de bruker dette skjemaet både ved ordinær skyss eller skyss grunna særleg farleg eller vanskeleg veg. Meir informasjon og dei ulike søknadsskjema finn de på denne sida som heiter Informasjon om skuleskyss.For ein del av elevane har me fatta vedtak om skuleskyss for fleire skuleår. Dersom det alt er fatta vedtak om skuleskyss for 2025/26 for barnet/ungdomen dykkar, treng de ikkje søkja no. Me ber dykk om å søkja innan 5. februar 2025.Følg lenka over.For spørsmål og kontaktRådgjevar skule, Heidi FossdalTelefon: 940 08 474 E-post: heifos@kvam.herad.noEller ta kontakt med den skulen det gjeld:Barneskular:Strandebarm skule (1-10)Tørvikbygd skuleNorheimsund skuleØystese skuleÅlvik skuleNorheimsund friskule (privat)Ungdomsskular:Strandebarm skule (1-10)Kvam ungdomsskuleNorheimsund friskule (privat) Sist endra 13.01.2025 08:38