
Stader og tidspunkt 2026
For å gjera gjennomføring meir smidig, er det ønskjeleg med ei fordeling av personar frå bygdene for å unngå for stor pågang samtidig:
19.11 i Øystese (Idrettshallen) kl. 09.00 – 15.00. Personar med postnummer 5610 og 5612.
20.11 i Øystese (Idrettshallen). kl. 09.00 – 15.00. Personar med postnummer 5600 og 5620.
24.11 i Strandebarm (Idrettshallen Strandebarm skule) kl. 0900 – 14.00. Personar med postnummer 5620, 5630 og 5632
26.11 i Ålvik (Folkets hus) kl. 0900 - 1300. Personar med postnummer 5612 og 5614
27.11 i Øystese (idrettshallen) kl. 0900 - 1500. Oppsamling for alle.
Vaksiner i vaksenvaksinasjonsprogrammet vert også tilbudt på fastlegekontor. Kommunen brukar nasjonal oppgjersløysing hjå fastlege, og prisar er dei same her som på vaksinasjonsdagar. Merk at koronavaksiner er levert på hetteglas, og det vil vera naudsynt for fastlegekontora å samla opp pasientar for å få nytta alle vaksinedosar i eit hetteglas. Kontakt fastlegekontor for å få time til vaksinering.
Fellesvaksinasjon er berre for personar over 18 år. Barn mellom 6 år og 18 år får vaksine på fastlegekontor. Barn mellom 6 mnd og 5 år får vaksine på helsestasjonen
Prisar i vaksenvaksinasjonsprogrammet
Pris for vaksine er avhengig av kva vaksiner ein tek:
- Influensavaksine: 308 kr
- Koronavaksine: 110 kr
- Pneumokokkvaksine: 110 kr
- To stk: Influensavaksine og koronavaksine: 393 kr
- To stk. Influensavaksine og pneumokokkvaksine: 393 kr
- To stk. Koronavaksine og pneumokokkvaksine: 170 kr
- Tre stk. Influensavaksine, koronavaksine og pneumokokkvaksine: 478 kr
Meir informasjon om vaksenvaksineringa
