Informasjon om vaksenvaksineringa

Kven bør ta vaksine? Moglege biverknadar og forholdsreglar

Ein får tilbod om vaksine mot ein eller fleire av følgjande sjukdomar:
● Sesonginfluensa
● Covid-19
● Pneumokokksjukdom


Kvifor bør du ta vaksine? 

  • Influensavaksine: Dei fleste barn og vaksne toler influensasjukdom, men mange kan bli alvorleg sjuke. Influensa kan mellom anna føra til lungebetennelse, hjerneslag og forverring av mange kroniske sjukdommar.
  • Koronavaksine vernar mot alvorleg sjukdom og død som følgje av covid-19. Vaksinen gir også vern mot å bli smitta, men dette vernet er relativt kortvarig både fordi antistoffa som vaksinen gir minkar etter kvart og fordi viruset endrar seg. Dei som framleis blir tilrådde vaksine i vaksenvaksinasjonsprogrammet er meir utsette for alvorleg covid-19 enn andre. Personar som blir omfatta av FHIs tilrådingar bør derfor ta oppfriskingsdose kvart år for å ha best mogleg vern.
  • Pneumokokkvaksine vernar mot lungebetennelse og andre alvorlege infeksjonar forårsaka av pneumokokkbakteriar.


Kven bør ta desse vaksinene?

Influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine

 

Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
  • kronisk hjarte-/karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
  • diabetes
  • kronisk alvorleg leversjukdom
  • kronisk alvorleg nyresjukdom
  • kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
  • nedsett immunforsvar på grunn av sjukdom og/eller immundempande behandling, ved til dømes organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helse risiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (til dømes Downs syndrom) og genetiske syndrom.
     

Koronavaksine:

  • Alle frå fylte 75 år (men aldersgruppa 65-74 år kan få vaksine i vaksen-
    vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønskjer det)
  • Personer i alderen 18-74 år med:
  • kronisk lungesjukdom med nedsett lungefunksjon, og astma
  • kronisk hjarte-/karsjukdom, med unntak av velregulert høgt blodtrykk
  • diabetes
  • kronisk alvorleg leversjukdom
  • kronisk alvorleg nyresjukdom
  • kronisk alvorleg nevrologisk sjukdom, spesielt personar med nedsett funksjonsnivå, lungekapasitet og/eller hostekraft, til dømes ved multippel sklerose, cerebral parese, Parkinsons sjukdom eller ALS
  • nedsett immunforsvar på grunn av sjukdom og/eller immundempande behandling, ved til dømes organtransplantasjon, kreft, autoimmune sjukdommar
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der covid-19 utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege, som personar med medfødde kromosomavvik (til dømes Downs syndrom) og genetiske syndrom.
     

Pneumokokkvaksine:
▪ Personar fødd i 1961

Moglege biverknader og forholdsreglar

Dei fleste får berre milde biverknader som:

  • Ømheit, raud hud eller hevelse der vaksinen vart sett
  • Lett feber, hovudverk, muskelsmerter, diare eller trøyttheit
  • Dette går som oftast over etter 1–3 dagar


Alvorlege biverknader er sjeldne. Ta kontakt med lege dersom du får kraftige eller langvarige symptom etter vaksinasjon.


Vaksinene inneheld ikkje levande virus eller bakteriar. Du kan ikkje få influensasjukdom, Covid-19 eller pneumokokksjukdom av å ta vaksinene.


Har du tidlegare fått myokarditt eller perikarditt etter vaksinasjon mot Covid-19, skal du drøfta med fastlegen din om du bør ta koronavaksine.


Etter vaksinasjon
> Du kan forlate vaksinasjonsstaden etter 20 minutt, dersom du føler deg i god form
> Unngå hard fysisk aktivitet same dag
> Kontakt lege ved alvorlege reaksjonar
 

Takk!

kvma herad logo - Klikk for stort bilete