Kommunal veg til Tveit stengt frå måndag 9. mars

Vegen vert stengt for biltrafikk måndag - torsdag. Gåande kan passere.

kartutsnitt med markering av stengt vek - Klikk for stort bileteRaud markering syner kvar vegen vert stengt.

 

I samband med arbeid med bygging av ny høgspentkabel/linje frå Vikøyvegen ved Lien til Tveit vert kommunal veg til Tveit stengt for biltrafikk. 

Vegen vert open for gåande.

 

Når

Stenginga vil føregå  i vekedagar frå måndag morgon kl 07.30 til torsdag 16.00.  

Torsdag ettermiddag til måndag morgon vert vegen open for fri ferdsel. 

 

Periode

Periode for stenging startar måndag 9. mars og vil vara til torsdag 26. mars. 

 

For spørsmål kontakt anleggsleiar for Hirth Himle Entreprenør/KMT ved 

Arne Isak Flatabø
Tlf. 959 97 488

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.