Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Fritak frå renovasjonsgebyr på stølshus

Dersom du eig eit stølshus i Kvam og mottek renovasjonsgebyr frå BIR, kan du søke om fritak dersom du meiner at stølshuset vert nytta som ein del av drifta til gardsbruket.

Kommunen har vore i dialog med BIR angåande renovasjonsgebyr på stølshus. I møtet vart me samde om at dersom eit bruk er i drift, så kan dei søke om fritak frå renovasjonsgebyr. Dersom du i dag mottek rekning frå BIR og du meiner at dette er eit stølshus som er ein del av drifta på garden, så kan du klage på dette til BIR. 

Klagen skal sendast til BIR: bir@bir.no, med kopi til kommunen: postmottak@kvam.kommune.no.

BIR handsamer klagene fortløpande.

Sjå også til informasjon om renovasjonsavgift på hytter og stølshus publisert her på kvam.no. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.