Kvam heradstyre vedtok den 13.05.26, sak 037/26, reguleringsplan Lølihaugen på Kvamskogen. Planområdet er del av gnr 26 bnr 1 m.fl. Hovudføremålet er fortetting av eksisterande hytteområde.
- Vedtak i HST-sak 037/26 fekk 2 klager.
- Kvam heradstyre vedtok den 01.10.26, sak 077/26, å ta ein av mottekne klager til fylgje.
- Den andre klagen vart ikkje teke til fylgje, og vert sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.
- Saksutgreiing og vedtak, HST-sak 077/26
Plankart og føresegner er oppdatert jf. vedtak i HST-sak 077/26:
Endra reguleringsplan vert kunngjort på Kvam herad sine nettsider og i Hordaland Folkeblad den 13.11.26. Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar, m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr brev.
For meir informasjon:
Alle registrerte dokument i reguleringssaka finn du her:
- Arkivsak 22/1833 - dokument registrert etter 18.08.21
- Arkivsaknr 18/1078 - dokument registrert før 18.08.21
I Kvam herad sitt planregister finn du reguleringsplanen med tilhøyrande plandokument under fana «Gjeldende planer», PlanID: 20180006, Plannavn: Lølihaugen
Plankartet er tilgjengeleg i det digitale kartsystemet - du finn det under kartlaget Arealplanar/Gjeldande reguleringsplanar.
Avgrensa høve til klage:
Den del av reguleringsplanen som vart endra i kraft av heradstyret sitt vedtak 077/26 kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9.
- Fristen for å klage er sett til 07.12.26. Jf. Plan- og bygningslova § 12-12 fjerde ledd, jf forvaltningslova § 29 er klagefristen 3 veker frå det tidspunkt vedkomande part har motteke underretning om vedtaket
- Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven
- Klage skal stilast til Statsforvaltaren i Vestland, men leverast skriftleg til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund / E-post: postmottak@kvam.kommune.no
- Evt krav om erstatning el. innløysing må setjast fram skriflteg for Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato av vedtaket, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.