Retningslinjer for bruk av kommunale kaier i Kvam

  • Retningslinjene gjeld for alle kommunale kaier i Kvam herad.
  • Alle fartøy skal melde sine anløp til kommunale kaier. Maksimal liggjetid er 24 timar, dersom ikke særskilt løyve er innhenta. For å melde anløp og få naudsynt løyve nyttar ein bookingskjemaet, eller kontaktar ein teknisk vakt  – tlf. 56 55 34 00.
  • Brukarane av kai er ansvarleg for at fartøya er forsvarlig fortøyd/sikra.
  • Kai skal reingjerast etter bruk.
  • Dersom det oppstår skade på kaien, skal brukar melde frå til kommunen. Skadevolder er ansvarleg for skaden.
  • Det er ikkje lov å bruke kaiene til lagringsplass dersom det ikkje er innhenta særskilt løyve om dette.
  • Bulkskip, grusfartøy og andre fartøy over 15 m. skal betale for bruk av kaiene.
  • Det skal også betalast for straum og vatn dersom dette vert nytta.
  • Gebyret skal betalast pr, anløp etter gjeldande sats. I tillegg kjem meirverdiavgift. Gebyra vert regulert samtidig som andre kommunale gebyr og avgifter.
  • Brukarar av kaiene har sjølv ansvaret for å melde inn liggjetid og underlag for fakturering til driftsleiar veg og anlegg.
  • Fartøy som ikkje har innhenta naudsynte løyver eller ikkje fylgjer retningslinjene kan bli bortvist/borttaua av Havnesjefen (driftsleiar veg og anlegg).
Jarle Flotve
Leder
E-post
Telefon 41 31 24 53
Mobil 41 31 24 53
Teknisk vakt
Telefon 56 55 34 00