Kommunal beredskap

Kommunar har eit generelt og grunnleggjande ansvar for å sikre tryggleiken til innbyggjarane og dei som oppheld seg innanfor kommunens grenser.

Alle uønska hendingar som vil skje i Noreg, vil finna stad innanfor grensene til ein av landets kommunar. Kommunane utgjer derfor det lokale fundamentet i den nasjonale beredskapen, og har saman med statlege og frivillige beredskapsorganisasjonar ei avgjerande rolle i beredskapsarbeidet.

Kommunane skal kartleggja sannsynet for at ulike uønska hendingar kan skje innanfor kommunegrensene. Vidare skal dei kartleggje konsekvensane dersom desse hendingane skulle inntreffe. Til saman utgjer dette kommunen sine risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser). ROS-analysene dannar utgangspunkt for risikoreduserande tiltak. Det vil likevel ikkje vera mogleg å fjerna all risiko, og kommunen skal derfor vera budd på å handtera denne restrisikoen gjennom sine beredskapsplanar.

I Kvam herad er det kommunale beredskapsansvaret delt på fleire av kommunen sine einingar og avdelingar. Nokre av kommunen sine beredskapsplanar gjeld for arbeidet i den enkelte eininga eller avdelinga. 

Kvam Kommunale Kriseleiing (KKL)

Ved større krisehendingar vil det vera aktuelt å iverksette kommunen sin overordna beredskapsplan og etablera Kvam Kommunale Kriseleiing (KKL).

KKL er sett saman av ordførar, rådmannen og rådmannen si leiargruppe. I tillegg vert den supplert med fagkunnige innan informasjon, beredskapsarbeid og anna fagkunnskap innanfor det området den uynskte hendinga gjeld.

 

Informasjon ved beredskapshendingar

Kva skjer når straum- og mobilnett ikkje fungerer? 

Om heile kommunen er utan straum, fungerande mobilnett og internett - over tid har me kommunale informasjonspunkt.

Kvam herad har ein eigen informasjons- og kommunikasjonsplan for krisehendingar. 
Målet er å:

  • Sikra intern og ekstern informasjonsflyt
  • Bidra til å skapa tryggleik og redusere unaudsynt redsle og angst
  • Redusera og avgrensa psykiske og fysiske skader og konsekvensar
  • Hindre rykte og feilinformasjon
  • Rettleia og gjeva råd til råka partar
  • Styrkja tilliten til heradet og ta vare på omdømet til heradet

 

Informasjonskanalane ved krisehendingar er i hovudsak dei same som elles:

Ved spesielle høve kan det verta sendt ut SMS-varsling eller talemelding i deler av kommunen. 

 

Les meir om Kommunen sine roller og ansvar i sikkerhetspolitisk krise og krig