Informasjonspunkt

Har du tenkt over kva du gjer om straumen er vekke, og telefon og internett ikkje virkar?

Om heile kommunen er utan straum, fungerande mobilnett og internett over tid, vil kommunen oppretta kommunale informasjonspunkt. 

Innbyggjarar kan møta heradet på fylgjande stader:

  • Rådhuset i Norheimsund – Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Strandebarm omsorg – Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm
  • Elkem Bjølvefossen (hovudinngangen) – Ålvikvegen 1055, 5614 Ålvik

 

kart over kvam med avmerka infopunkt - Klikk for stort bilete

 

Når kan du nytta dei kommunale informasjonspunkta?

  • Du har behov for offisiell kriseinformasjon
  • Hjelp til å få kontakt med naudetatane

 

Film om dei kommunale informasjonspunkta i Kvam:

 

Lytt til radio for å få informasjon frå styresmaktene

Dersom det oppstår ei hending der både mobilnett og internett fell ut over tid, kjem NRK til å senda beredskapsmeldingar og viktig informasjon frå styresmaktene på radio.

Det er er tilrådd at alle husstandar har ein DAB-radio som går på batteri.

___________

Oppmøtestadene erstattar ikkje naudetatane, men ein kan vidareformidla kontakt. For helserelaterte saker skal du reisa til dei vanlege oppmøtestadene.

Ut over dette kan det verta gjennomført dør-til-dør-aksjonar, oppslag på informasjonstavler og informasjonsmøte på ulike stader i kommunen.