Besøk av kommunal- og distriktsministeren i Kvam

Kvam Senterparti har i dag 22. mai hatt besøk av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Bilde av Gjelsvik, Næss og Hesthamar på Kvam familie- og læringssenter - Klikk for stort bileteGjelsvik, Næss og Hesthamar

Som del av besøket var Gjelsvik, saman med representantar frå Kvam Senterparti med Gjermund Stuve i spissen, innom NAV Kvam og Kvam familie- og læringssenter (KFL), der ordførar Torgeir Næss og representantar frå administrasjonen møtte.  

Rådmann Anita Hesthamar hadde ein presentasjon om Kvam, der ho mellom anna etterlyste statleg satsing på å imøtekoma rasfare og vedlikehaldsetterslep på fylkesvegar. Vidare vart det mangfaldige næringslivet i Kvam og vårt aktive lag- og organisasjonsliv, trekt fram. Av kommunale satsingsområdet, informerte ho om tiltak i pleie og omsorg og oppvekst.

Leiar i NAV Kvam, Sigrid Karin Dolve snakka om korleis kommunen har arbeidd med mellom anna busetjing av flyktningar frå Ukraina og om trivselsvaktmeistarane i Kvam, i tillegg til ei omvising i NAV Kvam sine nye lokale. 

Deretter venta ein runde hjå Kvam familie- og læringssenter (KFL) med påfølgjande presentasjon av oppvekstsjef Astrid-Anett Steine og leiar for familiesenteret, Anna Mo-Bjørkelund. Dei fortalte om tenestetilbodet og organiseringa av oppvekst i Kvam under tittelen: Heilskapleg blikk – felles ansvar. 

 

Følge på veg ut av Kvam rådhus - Klikk for stort bilete
presentasjon av Hesthamar - Klikk for stort bilete
presentasjon av Dolve - Klikk for stort bilete
Frå møterommet - Klikk for stort bilete
ved NAV Kvam inngangen - Klikk for stort bilete
Presentasjon på KFL - Klikk for stort bilete
ministeren går forbi det utstilla bunadsbrureparet i resepsjonen - Klikk for stort bilete
på omvising - Klikk for stort bilete
ministeren i prat med deltakarar på fagdag - Klikk for stort bilete
Følgje forlet Kvam rådhus - Klikk for stort bilete

Etter litt prat kring det som vart presentert, rakk Gjelsvik innom heradsstyresalen der alle tilsette i dei ulike tenestene i KFL var samla til fagdag.

Følgjet til Kvam Senterparti reiste så vidare til lunsj i Berge gard og gartneri og deretter på bedriftsbesøk hjå Hardingsmolt AS.