Arrangement i idrettshall
Kvam brann og redning
Kva type arrangement er nødvendig å melde inn?
Arrangement som skal haldast i eit bygg eller på eit område som vanlegvis ikkje blir nytta til slike føremål, skal meldast inn til Kvam brann- og redningsvesen. Dette gjeld dersom det er venta:
- fleire enn 50 personar ved skjenkeløyve.
- fleire enn 150 personar utan skjenkeløyve.
Eksempel på slike arrangement er konsertar i idrettshallar eller samfunnshus, musikkfestivalar, bilshow på offentlege stader, eller diskotek i mellombels oppsette partytelt.
Kvifor er det naudsynt å melda inn arrangement?
Alle bygg og område har eit tryggleiksnivå som er tilpassa den bruken dei er meint for. Oppgåva til brann- og redningsvesenet er å kontrollere at brann- og tryggleikstiltak blir tekne hand om, også når staden blir brukt til noko anna enn normalt.
Som arrangør må du derfor ha ein plan som syner korleis du vil ta hand om tryggleiken. Brann- og redningsvesenet vil kontrollere at denne planen er på plass og at den blir følgt under arrangementet.
Dette er krav som følgjer av brann- og eksplosjonsvernlova.
Korleis skal ein melda inn arrangement, og kva skal ein senda inn av dokumentasjon?
Meldinga må sendast til Kvam brann- og redningsvesen seinast fire veker før arrangementet. Dette gjer du ved å fylle eit digitalt skjema med naudsynte vedlegg.
Dersom du ikkje høyrer noko frå oss etter at du har sendt inn meldinga, er alt i orden. Me tek kontakt om me har spørsmål. Du som arrangør er likevel alltid ansvarleg for at arrangementet blir gjennomført på ein trygg måte og i tråd med lover og reglar.
Skjema og vedlegg skal innehalde:
- Generell informasjon: Type arrangement, tidspunkt, namn på arrangør og ansvarleg, samt kontaktinformasjon.
- Risikoanalyse: Ei kartlegging av kva som kan gå gale, korleis du vil hindre at det skjer, og kva tiltak som er planlagde for å redusere konsekvensane.
- Vakter: Oversikt over tal på vakter, kvar dei er plasserte, kva oppgåver dei har, og korleis dei blir lært opp.
- Kart: Eit kart over bygget eller området som viser plassering av vakter, rømmingsvegar, sløkkjemiddel og tilkomst for naudetatane. Kartet skal også vise avstand til andre bygg dersom de har mellombelse konstruksjonar, som til dømes telt.
- Ekstra dokumentasjon: Dersom personantalet er høgare enn det bygget er dimensjonert for, må det dokumenterast korleis brannsikkerheita blir ivareteken.
Nyttige ressursar:
Ta kontakt med Kvam brann- og redningsvesen ved spørsmål eller om du ynskjer rettleiing.