Tilskot til friluftsarrangement

Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja tilskot til friluftsarrangement i Kvam i 2026.

Caroline Mo Vik

 

Kvam herad søkte og fekk tilskot frå Bergen og omland friluftsråd (BOF) til friluftslivets år i 2025, og har ein restsum kr 25 000 til fordeling i 2026.

Arrangørar (med organisasjonsnummer) /lag og organisasjonar i Kvam herad kan søkja tilskot til gjennomføring av friluftsarrangement i Kvam i 2026.

  • Friluftsarrangementet må marknadsførast, vera gratis og ope for alle
  • Det er ikkje søknadsskjema, men søknaden må innehalda kort skildring av tiltaket og kva ein søkjer tilskot til, samt budsjett. Merk søknaden med sak 25/559 og send til postmottak@kvam.kommune.no 
  • Tilskot vert gjeve til transport, annonsering, innkjøp av utstyr, mat osb. til arrangementet. Det vert gjeve inntil kr 5 000 pr arrangement i tilskot.
  • Privatpersonar kan ikkje søkja
  • Frist for å søkja : Fortløpande inntil tilskotspotten er fordelt
  • Tilskotet vert utbetalt etter innsending av rapport etter arrangementet er gjennomført.

 

Informasjon om ordninga: Leiar for kultur og fritid Mary Ann Sørheim 954 07 710