Søkja om helse- og omsorgstenester

Søk om helse- og omsorgtenester

Søknaden krev at du skriv deg inn med BankID.

Søkja på papir

Det er òg råd å søkja med papirskjema (PDF, 251 kB). Du kan skriva ut skjemaet eller henta i resepsjonen på Kvam rådhus. Fyller du ut eit papirskjema, sender du det til fellessekretariatet på rådhuset.

Kvam herad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund.

Søkja på vegner av andre

Andre kan søkja for deg om du ikkje er i stand til å søkja sjølv. Legg i so fall ved fullmaktskjemaet i søknaden.

Kva skjer vidare?

For å sikra at du får det tilbodet som passar best for deg,  kartlegg me situasjonen din og innhentar naudsynte opplysingar i samarbeid med deg. Du kan få innvilgd ein eller fleire helse- og omsorgtenester.  Du vert kontakta for å avtala eit heimebesøk dersom det er naudsynt for kartleggjinga.

Du har rett til eit vedtak i posten eller elektronisk innan fire veker. Dersom du ikkje får svar innan fire veker, kjem du til å få eit førebels svar med venta svartid.

Klaga på vedtaket

Dersom du får avslag på søknaden din, grunngjev me dette i svaret.  I brevet får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Spørsmål eller rettleiing?

Har du spørsmål eller treng rettleiing kan du kontakta tenestekontoret.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)