Ved hjelp frå heimesjukepleia kan du bu heime i bustaden din so lenge som det er mogeleg. Du kan få heimesjukepleie heile døgeret.
Kva tilbyr me?
Hjelpebehovet ditt må koma av sjukdom eller at du har nedsett funksjonsnivå.
Heimesjukepleie vert ikkje innvilga dersom du utan store problem kan få hjelp til å utføra tenesta på legekontoret, eller om hjelpa du treng fell utanom lov om kommunale helse- og omsorgstenester.
- naudsynt hjelp til personleg stell og pleie
- hjelp til medisin og injeksjonar
- sårstell
- tilsyn og observasjonar
- rettleiing om kosthald og helse
- rettleiing og opplæring slik at du sjølv kan meistra oppgåver
- hjelp til verdig slutt på livet i eigen heim i nært samarbeid med pårørande og lege
Dette kan du venta av oss:
- Me møter deg og heimen din med respekt
- Me har synleg legitimasjon
- Me overheld teieplikta
- Akutte hendingar kan gjera at me ikkje er hjå deg til ynskt tid.
- Heimesjukepleia kan ikkje fylgje deg til lege, tannlege, frisør, fotpleiar og liknande.
Dette ventar me av deg:
- Du gjer det du klarar sjølv
- Du handterer medisinane dine sjølv, om du ikkje har inngått legemiddelavtale med heimesjukepleia
- Du tillet at me installerer hjelpemiddel til bruk for deg og oss i heimen
- Du har mikrobylgjeomn, dersom du treng hjelp til eller skal trena på å varma middag
- Du har synleg namn og nummer på huset, og opplyst inngang
- Du seier til i god tid dersom du ikkje treng hjelp eller om du fer bort
- Dersom du har tryggleiksalarm, brukar du han berre ved akutt behov for helsehjelp
- Du ringjer heimesjukepleia på vakttelefonen om det er naudsynte meldingar du vil gje. Dei tilsette kan vera opptekne hjå brukarar og ringjer opp att når dei kan.
- Dersom du røykjer inne rett før vi kjem, luftar du godt.
- Syt for at me kjem oss heilt fram til bustaden din både sumar og vinter
- Hald kjæledyr i band eller inne på andre rom medan me er hjå deg
Hjelpebehovet ditt vert jamleg vurdert av fagpersonar i heimetenesta. Tilbodet kan reduserast eller aukast dersom det er endringar i behovet ditt.
Dersom du mottek hjelp frå to eller fleire instansar i kommunen, kan det vera aktuelt med individuell plan eller koordinator.
Kva kostar det?
Heimesjukepleie er gratis.
Slik søkjer du
Søknadsskjema
Meir om søknaden her.
Organisering av heimesjukepleia
Kvam
Kvam heimeteneste gjev tenester frå Kjepso til Ljones.
Dei har hovudbase på Toloheimen òg ein base i Ålvik.
Ålvik
Heimesjukepleia i Ålvik har kontor i Ålvik omsorgsbustad.
Adressa er Ålvikvegen 1105, 5614 Ålvik. Dei har ansvar for tenestene i Ytre og Indre Ålvik.
Strandebarm
Heimesjukepleia i Strandebarm har kontor på Strandebarm omsorg.
Adressa er Tangeråsneset 25, 5630 Strandebarm. Dei har ansvar for tenestene frå Ljones til Gravdal .
Heimetenester til personar med psykisk utviklingshemming
I tillegg vert det gjeve heimetenester til personar med psykisk utviklingshemming i Øystese og Norheimsund.
- Gropaflaten/Gropa/Stoppelgjerd/Utsikten/Bergtun.
Adresse: Fitjadalsvegen 1, 5610 Øystese.
Adresse: Nedre Norheim 45, 5600 Norheimsund.
Lover og reglar
Klaga
Les meir om rett til å klaga: Klage på helse og omsorgstenester - Nettsider for Kvam herad (www.kvam.no)