UngdomsbasenUngdomsbasen er ein uformell treffstad for ungdomar frå 8. klasse til 20 års alder. På "basen" kan du møta andre ungdomar, spela spel, prata eller berre "hengja i lag med oss". Her vil du alltid treffa ein vaksen frå utekontakten. På ungdomsbasen treff du også «dozarane», ungdom som jobbar frivillig som miljøarbeidarar. Me har playstation, bilspel, airhockey, biljard, kahoot, just dance osv. Me har også faste aktivitetar me arrangerer som kino, bowling og ulike temabasar. Me informerer alltid på facebook når me gjer noko ekstra! Du finn oss i kjellaren på kinoen i Norheimsund. Me har ope torsdagar 14.30-20.00. Utanom desse tidene er me tilgjengeleg på telefon og for avtalar. Tilbodet er gratis! Publisert av Anna Mo-Bjørkelund Sist endra 05.08.2024 19:36