Del 4 Endring og oppseiing av barnehageplass
4.1 Permisjon frå barnehageplassen
Oppvekstsjefen i samråd med styrar, kan gje permisjon frå barnehageplass ved brå endring i bornet sin livssituasjon. Permisjon etter desse vilkåra vert gjeve etter skriftleg søknad frå føresette og med dokumentasjon. Frå den dagen søknaden vert motteken, og heile påfølgjande månad blir det likevel krevd betaling etter vanlege satsar.
4.2 Oppseiing
Ved oppseiing av barnehageplass må det betalast for den månaden styrar har motteke skriftleg oppseiing og for tre påfølgjande månader. Dersom barnehagen tek inn eit nytt born før det har gått tre månader kan oppseiingstid påfølgjande kortast ned.
Kvam herad kan seia opp barnehageplassen ved manglande foreldrebetaling jf. del 3, punkt A.
Oppseiing skal sendast elektronisk via søknadsportalen.