Del 3 Foreldrebetaling
Barnehagane følgjer forskrift om foreldrebetaling i barnehagar, og nyttar dei betalingssatsane som vert fastsett av heradsstyret.
Betalinga gjeld frå den dato bornet startar (inkludert tilvenjing) og fram til oppseiingsdato. Før skulestart er siste betalingsdag fredag i veke 27. Born som skal starta på skulen vil ikkje få tilbod etter ferien. Betaling for barnehageplass skjer forskotsvis med forfall fyrste dag i kvar månad. Foreldre/føresette betalar for 11 månadar. Juli er betalingsfri.
a. Ved for sein betaling vert det etter minimum to – veker sendt eit fyrste purrebrev frå Kvam herad v/ økonomikontoret. Det skal nyttast satsar for purregebyr og forseinkingsrente som vert fastsett i det årlege gebyrheftet i kommunen. Etter to – månadar seier Kvam herad opp plassen gjeldande frå 1. i månaden etter. Økonomikontoret sender varsel om inkasso ved manglande betaling. Vidare krav vert innfordra ved tvang.
b. Foreldrebetalinga kan verte redusert til 50 % dersom bornet samanhengande er borte frå barnehagen meir enn ein månad på grunn av alvorleg sjukdom. Dette må dokumenterast med legeattest. Den fyrste fråværsmånaden, rekna frå den dagen søknaden er motteken, vert likevel betalt etter vanlege satsar.
c. Ved ekstraordinær stenging i heile dagar vert det gjeve prisavslag tilsvarande 100 % reduksjon av dagbetalinga.
d. Det vert gjeve søskenmoderasjon iht forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.
e. Barnehagane i Kvam skal krevja eit gebyr kvar gong føresette hentar born etter stengetid, dvs. at borna må vera ute av lokala før stengetid. Gebyret blir fastsett i Kvam herad sitt gebyrhefte.
f. Redusert betalingsevne. Kvam herad følgjer dei moderasjonsordningar som er fastsett i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.