Miljørettleiarane
Kvam ungdomsråd påpeikar at miljørettleiarane er ein av dei viktigaste ressursane me har for å skape eit trygt og inkluderande skulemiljø der alle elevar kan lære. Heradsstyret har tidlegare gjort vedtak om å redusere desse stillingane med 4 årsverk, slik at ein sit att med berre 1,6 årsverk.
Når heradet samstundes foreslår store kutt i individuelt tilrettelagd opplæring (ITO), støtteapparat og førebyggjande arbeid generelt, vil eit kutt i miljørettleiarane ramme dei mest sårbare elevane aller først. Desse elevane treng vaksne som kan følgje dei tett, hjelpe dei å meistre skulekvardagen, handtere uro, konfliktar og psykososiale utfordringar – og sikre at dei faktisk kjem seg gjennom skulen. Når miljørettleiarane blir færre, blir lærarane ståande åleine med fleire krevjande situasjonar, noko som svekkjer både læringsmiljø, tryggleik og det faglege utbyttet for heile klassen.
Miljørettleiarane har ein nøkkelrolle i det førebyggjande arbeidet på skulane våre. Dei fangar opp elevar tidleg, byggjer relasjonar, følgjer opp dei som slit med psykisk helse, mobbing, uro eller heimeforhold – og dei samarbeider tett med skuleleiing, PPT, barnevern, helsesjukepleiar og føresette. Dersom desse stillingane blir kutta, blir det mindre tid til relasjonsbygging, færre vaksne i gangane og på uteområda, lengre ventetid på hjelp og større risiko for at barn fell ut av både læringsmiljø og sosialt fellesskap. I ei tid der kommunen allereie reduserer førebyggjande arbeid for barn og unge med 600 000 kroner kvart år, vil eit kutt i miljørettleiarane svekkje tryggleiken til elevar i alle delar av Kvam. Ungdomsrådet ber difor sterkt om at stillingane blir verna – for å sikre at elevane sine grunnleggjande behov for tryggleik, støtte og tilgjengelege vaksne faktisk blir tekne på alvor.
Innsparingsforslag frå ungdomsrådet:
Kvam Ungdomsråd meiner at heradet bør vurdere ytterlegare innsparingstiltak innan
teknisk eining, med tanke på tal årsverk. Rådet har stor tru på ekektiviseringstiltak og at
dei tilsette i dei kommunale bygga kan gjennomføre meir vedlikehaldsarbeid, til dømes å
skifte lyspærer sjølv. Det må og bevisstgjerast meir om hærverk i skulane, og her må
elevane sjølve ta meir ansvar.
Grunngjeving: Ungdomsrådet ser at det er stort rom for innsparingar innan teknisk, og
forslår at midlar skal flyttast frå teknisk til oppvekst slik at ein har råd til å finansiere
blant anna utekontakt og miljørettleiar.
Helsing
Kvam ungdomsråd