Kvam kulturskule
Kvam ungdomsråd ynskjer ikkje at kulturskulen skal bli flytta frå Høgenæsgården til den nye vidaregåande skulen som eit innsparingstiltak ettersom det vil svekka opplæringa i dei ulike faga, og aukar sjansen for at elevar ikkje held fram i faga sine ettersom:
- Lokalet i den nye vidaregåande skulen ikkje er egna til verken administrasjon eller opplæring utan ombygging av rom. Som vil påføre heradet store kostnadar i staden for å behalde opplæringa der romma allereie er optimalisert.
- Når det kjem til opplæring innan kultur er det andre ting enn berre rom og arealplass som må tas i betraktning. Romma må være egna til den opplæringa som skal bli gitt, for eksempel med dans og drama er det naudsynt med rom som har spegl slik at framføringa kan koordinerast og hindra skade. Musikk og song må ha rom som har egna akustikk, både for å bevare høyrsel, omsyn til andre, og optimal musikals læringsmiljø.
Det tar òg mykje energi og arbeid av dei tilsette i kulturskulen å skulle rigge til klasseromma for undervisninga. - I dag har kulturskulen ei elevdekning på omlag 33%, me er redde for at om undervisningslokala blir flytta til Kvam vidaregåande vil yngre elevar føle ubehag med å ha undervisinga rundt eldre elevar. Dette kan føre til at elevar sluttar og at inntektene til kulturskulen går ned, som igjen kan føre til dårlegare kulturskuletilbod.
- Opplæringa til elevane i kulturskulen skjer og samstundes som elevane på vidaregåande og elevane i vaksenopplæringa har ordinær undervisning. Rundt 120 elevar har undervisning i kulturskulen i Norheimsund mellom 13.00 og 15.30. Det er ikkje optimalt å få alle desse til å ha undervisning på same plassen som vidaregåande opplæring skjer. Undervisninga i Høgenæsgården varar til rundt 21.00. Sidan me måtte
ha tatt omsyn til den vidaregåande opplæringa og starta rundt 2,5 timar seinare, vil det sei at kulturskuleopplæringa ville vore ferdig rundt 23.30
Kvam ungdomsråd sine meiningar om rådmannens framlegg til innsparingstiltak:
Redusere individuelt tilrettelagt opplæring – ITO:
Kvam ungdomsråd påpeiker at det er viktig at alle elevar får tilgang på den same kunnskapen. Elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring i enkelt fag skal òg ha rett på dette. Det skal tilretteleggjast for at alle får den same undervisninga på tross av utfordringar og ulikheitar. Dersom ein reduserer så mykje som innsparingstiltaka frå
rådmannen foreslår vil det føre til at fleire elevar fell utanfor, og fleire elevar vil kjenne på ei mangel på kunnskap. Rådet påpeiker og at det ikkje i alle tilfelle er slik at klasserommet er den optimale læringsstaden for elevar, nokon lærer betre utanfor klasserommet der dei kan vere meir kreative og lære i sitt eige tempo. Elevar som slit i ordinær undervisning kan ofte føle på at dei sit lenge med «handa i været» og ventar på å få hjelp frå læraren, det kan og ofte vere knytt press opp mot å stille spørsmål som andre medelevar reknar som «dumme» difor vel ofte elevar å sitje med spørsmåla for seg sjølv.
Konsekvensen av dette vil vere at mange elevar får dårlegare læringsutbyte av undervisninga, og det vil skape større skilnader mellom elevane.