Kjære heradstyre!
Me ser at det i økonomiplanframlegget til rådmannen også i år er lagt inn mange kutt
som kan gå på bekostning av barn og unge i heradet. Ungdomsrådet vil i sin
budsjettuttale peika på nokre punkt som me meiner bør prioriterast, men me kjem også
med innsparingsforslag innan området teknisk eining.
Ungdommen er framtida!
Det er dei unge som skal bu i og utvikla Kvam vidare. Det er difor viktig at dei får ein god
og minnerik oppvekst slik at Kvam blir ein plass som ungdomen vil venda tilbake til. Me
treng difor gode tenester og fritidstilbod, både kommunale og i regi av frivillige lag og
organisasjonar.
Sterke fellesskap
Gjennom medverknadsarbeid hausten 2024 knytt til Ungdata og vidare arbeid med
sterke fellesskap har ungdomar i Kvam drøfta kva som er viktigast at me saman jobbar
meir med framover. Psykisk helse, medverknad for barn og unge og skuletrivsel er
prioriterte tema. Me meinar at desse heng tett saman. Det barn og unge ønsker seg, er å
ha nokon å vera saman med og finna på kjekke ting saman med på skulen og i fritida. Dei
ønsker å vera trygge på at ein kan følgja eigne interesser og vera saman med ulike folk
utan risiko for å hamna utanfor fellesskapet eller å verta sett ned på. Det er svært viktig
med tanke på framtida vår at det vert prioritert midlar til barn og unge i Kvam.