Vinnar av fotokonkurranse

Me trong bilete av Kvam vidaregåande skule og kulturhus, Torgeir Kinne Solsvik tok vinnarbilete!

Bilete av Kvam vgs og kulturhus - Klikk for stort bileteVinnarbilete av Kvam vidaregåande skule og kulturhus Torgeir Kinne Solsvik

 

Gratulerar til vinnaren Solsvik for eit flott bilete av nye Kvam vidaregåande skule og kulturhus. Tusen takk for ditt bidrag.

Grunngjeving: 

Bilete fangar bygget på ein fin og lett gjenkjenneleg måte. Med fint lys, eit godt utsnitt og varme fargar.

_____________________________

Konkurransen:

Sit du på eit blinkskot av det nye bygget allereie? Eller vil du utfordra deg til å ta eit?

Kva

Bilete av Kvam vidaregåande skule og kulturhus. Hovudinngangen er kanskje viktigast å få avbila for god gjenkjenning, men her står ein fritt til å knipse den versjonen av bygget i sitt miljø som me kan nytte i ulike samanhengar når me formidlar innhald i bygget.

Når

Send ditt bilete til informasjonsrådgjevar på e-post eller gjerne via fildelingstenesta westransfer.com innan fredag 30. januar kl 12.00

Korleis

Send til denne adressa: conlan@kvam.herad.no anten direkte eller via www.wetransfer.com. Merk innsendinga med namn om det ikkje kjem fram av e-post adresse.

Kven

Alle kan sende inn bilde dei sjølv har tatt. Med atterhald om at ein føl retningslinjene for konkurransen.

Retningslinjer 

  • Du må ha tatt bilde sjølv. Det er innsendar sitt ansvar å sørge for å ha opphavs- og/eller fotorett til bilde og å sørge for at eventuelle personar på bileta har godkjent at bilde vert offentleggjort.
  • Bilde må vera i liggande format.
  • Kvaliteten på bilde må vera god om me skal kunna nytta det på ulike flater både, trykk og digitalt. Høgoppløysleg  1- 3 mb (megabyte)
  • Bilde må vera i original format, utan filter eller vannmerke. Bileta kan bli beskåret i bruk.
  • Kvam herad tek atterhald om å nytta alle innsendte bidrag i eigne plattformar og kanalar utan vederlag, uavhengig av kven som vinn. Bileta vert kreditert med fotografen sitt namn, om de merkar bilete med det.
  • Juryen vil bestå av tre personar: leiar for samfunnsutvikling Heidi E. Ørjansen,  informasjonsrådgjevar Connie Langeland, samt ordførar Torgeir Næss.
  • Bileta vil bli vurdert etter skjønn, med vekt på at det syner fram bygget på ein fototeknisk god måte. Her er det mykje “hinder” 
  • Bileta vil verta lagra med tilhøyrande fotograf sitt namn i vår mediebank dei neste fem åra. 

 

Premie

Vinnaren vinn to billettar til nye Kvam kino om du finn i Kvam Vidaregåande skule og kulturhus. Kåringa vert fredag etter kl. 12 og vinnaren vert annonsert på kvam.no og i Friskus kommune innbyggjarapp.

Les meir om open dag på Kvam vidaregåande skule og kulturhus her!

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.