Velkomen til pårørandeskule 2025

Kurs for deg som har kontakt med menneske med demens. Kveldskurs over tre kveldar kl 18-20.30. 

to eldre menneske på ein benk, sett bak i frå - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde: Demens

 

Datoar: 

  1. tysdag 11. november 
  2. torsdag 8. januar
  3. torsdag 21. januar  

 

Stad:  Toloheimen 1. etasje møterom/pauserom

Bilete av Toloheimen i Norheimsund - Klikk for stort bileteToloheimen Connie Langeland

 

Kurset er for deg som ynskjer: 

  • informasjon og kunnskap om demenssjukdom 
  • å få gode råd og tips om korleis du kan meistra situasjonen 
  • å møta andre pårørande i same situasjon 

 

Program  

Fyrste kveld kl. 18.00-20.30 

  • Kvam – Demensvenleg samfunn. Tilbod og demensarbeid i kommunen.  
  • Demens; Sjukdomstilstandar, symptom, behandling,utvikling og kva har det å seie for oss/dykk?  

 

Andre kveld kl. 18.00-20.30 

  • Kommunikasjon og samhandling  og kva er god omsorg
  • Kva tekniske hjelpemiddel fins? 
  • Hukommelseteamet 
  • Korleis «stå i det» ? Innlegg frå pårørande - diskusjon og spørsmål. 

 

Tredje kveld kl. 18.00-20.30  

  • Musikk som aktivisering, stimulering og terapi,   
  • Juridiske spørsmål ved demens v/advokat Gunnar Skeie- framtidsfullmakt/verge 
  • Innlegg frå pårørande  - diskusjon og spørsmål
  • Vegen vidare for deg som pårørande

 

NB! Det kan koma endringar i programmet.

Kurset er gratis og ope for alle!


Påmelding  til Ingunn Kråkevik innan måndag 10. november 2025
E-post: Ingkra@kvam.kommune.no eller SMS til 459 77 148

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.