Velkomen til folkemøte om «Arm til Bergen»

Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartmentet laga ei utviklingsstrategi for «Arm til Bergen» saman med Vestland fylkeskommune og Nye veier AS. 

Kartutsnitt Hardanger og Bergen - Klikk for stort bilete

 

«Arm til Bergen» skal gje eit meir effektivt samband mellom Austlandet og Bergensområdet via E134. Sambandet skal også knyte Bergensområdet og Hardanger tettare saman, og gje betre grunnlag for vekst og utvikling i Hardanger-regionen.

Arm til Bergen er eit samband mellom E134 ved Jøsendal sør for Odda til Bergensområdet. Utviklingsstrategien skal ha framlegg til prioritering og finansiering av dei viktigaste prosjekta på strekninga.

For å informere og få innspel til utviklingsstrategien, ønsker fylkesordførar Jon Askeland saman med ordførarane i kommunane Ullensvang, Kvam og Samnanger å arrangere innspelsmøte/folkemøte om arm til Bergen

Program:

  • Orientering om framlegget til utviklingsstrategi v/ Statens vegvesen
  • Synspunkt frå fylkeskommunen ved fylkesordførar Jon Askeland
  • Kommentarar frå kommunen ved ordførar.
  • Innspel og diskusjon

 

Kvam vgs. og kulturhus 10. februar kl. 18.00-19.30.

Vestland fylke sin logo - Klikk for stort bileteVestland fylke sin logo

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.