
No er endeleg gangvegen mellom Pensjonisten og fylkesveg 79 på plass. Etter mange år med venting kan me no ta den nye gangvegen i bruk, og det vil me markera saman.
Me inviterer til vegopning onsdag 25. november 2026 kl. 12.00 ved Pensjonisten i Ålvik.
På programmet står opning ved ordførar og rådmann og me byr på kaffi og kake til alle.
Mogleg me kan venta oss eit lite innslag - om me er heldige.

Vel møtt til ei kjekk markering av ein etterlengta gangveg!
