Varsel om jord- og flomskredfare, gult nivå for Vestland

Det er venta mykje regn frå natt til torsdag, lokalt 60-80 mm på 12 timar. Skredfaren er størst der bygene treff. Følg værradar. 

kart over område med gult nivå i Vestland - Klikk for stort bilete

 

Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsatt. Flomskred har lang rekkevidde og kan gå ned til dalbotn sjølv om det vert løyst ut høgt i terrenget.

Konsekvens

Skredhendingar kan førekoma. Utsatte bane- og vegstrekningar kan verta stengt.

Råd

Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald deg oppdatert om utviklinga av været og skredsituasjonen, og følg med på værradaren. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, avfall, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.

Les meir om varselet her.