Utan straum og telefondekning etter stormen Amy

Fredag 3. oktober kl. 22 opplevde Kåre Nes og kona på Nestunet, Mundheim at straumen og mobildekninga forsvann som følgje av ekstremvêret Amy. Det skulle gå to døger før alt var tilbake.

Bilde av Kåre Ne sog kona Anne Karin - Klikk for stort bileteKåre Nes og kona Anne Karin

Nestunet, Mundheim

Det første som forsvann var straumen – noko dei hadde venta ut frå vêrmeldingane. Klokka var 22.00 då alt vart mørkt. Kåre er usikker på om mobildekninga varte noko lengre, men det var straumen som skapte mest hovudbry.

Hardingnett var tidleg ute og hadde fleire turar til området laurdag. Telenor såg dei ikkje noko til, og mobilnettet kom ikkje tilbake før søndag kveld. Laurdag ettermiddag fekk dei kontakt via sendar i Rosendal etter å ha reist til Mundheim.

Kor lenge var du utan straum og dekning?

Totalt var den vekke frå fredag i 22 tida til søndag kring kl 20. Siste melding frå BKK var at den skulle vera vekke til måndag kl 14. Det verka som dei kopla om slik at ein fekk straum via Varaldsøy som gjorde at den kom tidlegare. Mundheim sentrum fekk staum endå tidlegare kring kl 16, det var truleg krøll på linja mellom Mundheim og Nes.

Eit av ankepunkta eg har er dette med meldingar frå BKK. Me fekk ein melding på telefonen med ein gong straumen var vekk, så høyrde me ikkje meir før laurdags kveld, då måtte dei gje seg. Me vart skissert tre ulike tidspunkt laurdag på BKK si heimeside. Dei hadde tydelegvis ikkje overblikk over situasjonen. Det kom stadig nye meldingar som skapa ei forventning og så agrerer ein ut i frå dette. Eg tenkjer berre på fryseboksane til folk.

Eg snakka med han som hadde vakt i Kvam (hos Hardingnett), han hadde ikkje hatt kontakt med BKK og spørsmål om eventuell omkopling for å hjelpa oss i Mundheimsområde.  Fusa kraftlag bekrefta at dei hadde fått spørsmål om levering av straum til Mundheim, men dei kunne ikkje prioritere det grunna eige utfall.

 

Oppleving og reaksjonar

Korleis opplevde du situasjonen? Kva var mest utfordrande?

Eg har mjølkeproduksjon, men kyrne vart ikkje mjølka før ut på laurdagen då det stadig kom meldingar om når straumen skulle koma attende. Vanlegvis mjølkar eg to gongar om dagen. Eg har eit større dieselaggregat (16-17 KW), men aggregatet vart ikkje rigga,  me utsette og utsette fram til laurdagskvelden, då var det ikkje vits å vente lengre. Me stolte på meldingane - fram til dess. Her tykjer me BKK kunne agert annleis.

Det var utfordrande på vegen (FV576), driftskontrakt (Presis veidrift) kom kl 6 om morgonen med underentreprenør. Han måtte ringe rundt for å gjere avtalar med lokale personar. På strekka Ljones - Tørvikbygd var det mykje nedfall, der jobba fire mann heile dagen for å opne vegen. Dette var eit eksremvêr som var varsla, det burde vore bemanna opp på førehand. Hadde det vore ei anna tid på året, kunne følgjene her vore mykje verre.

Eit lite hjartesukk - Kvam kraftverk må i overskueleg framtid vera i kommunale hender og ikkje hamna hos dei store gigantane BKK, då går fort alt i svart. Er det god beredskap og knytte seg opp til ein så stor aktør? Frå Etne til Sogn, 270 000 kundar, 22000km med linjer! Om dette systemet ein dag går i svart vert konsekvensane abnorme.

Kva tankar gjekk gjennom hovudet ditt då du innsåg at du ikkje kunne kontakte nokon?

Laurdagsmorgon vrei me hovudet. Kor stort er dette? Kor alvorleg? Og kor lang tid vil dette ta? Eg har ein kamerat på Mundheim som driv radiokommunikasjon, så eg reiste ut til han. Det var svart hos han også. Du kjenner fort eit behov for informasjon og oversikt over horisonten framover. 

Følte du deg utrygg eller var det situasjonar der du vart uroa?

Nei, det var ikkje uhygge. Eg vart sterkt ramma søndags morgon 23. januar 1994, då hadde eg stor skade på skog og bygningar og kjente på ei skikkeleg uhygge. Dette har nok gjort til at eg har litt i ryggmargen i forhold til vêr og vind.

I eit lite bygdesamfunn tenker ein jo på om andre er utsett, dette er også vanskeleg å få oversikt over utan straum og mobildekning.

I tida då det var heilt svart fekk me mest informasjon via via utover laurdag ettermiddag og så fekk me med oss meldingane frå nettselskapet. 

bilde av telefonkiosk på mundheim, som får lys frå solceller - Klikk for stort bileteTelefonkiosk/bibliotek var det einaste som lyste på Mundheim, den hadde straum frå solceller.

Eigne førebuingar

Hadde du gjort nokre førebuingar på førehand?

Som mange bønder har me aggregat ståande - som er stort nok, men eg hadde ikkje gjort det heilt klart. Eg kopla det fyrst på driftsbygningen og fekk alt til å fungere der. Søndag våga eg meg også til å kopla på huset. Eg er nok litt betre skodd enn ein vanleg innbyggar. Det skulle nok ha vore eit aggregat i kvar bygd, det kan vera ein innsatsfaktor i gitt situasjon.

Var det noko du skulle ønske du hadde hatt eller visst på førehand?

Lengda på straumfallet - då kunne me ha agert deretter.

Lærdom og råd til andre

Lærdomen me sit att med er å få aggregatet opp å gå 100% slik at det er klart til neste gong.

Kva råd vil du gje til andre innbyggarar i Kvam?

  • Skaff deg informasjon og følg med på råd frå myndigheiter.
  • Dei ulike vindretningane skapar ofte utfordringar i forhold til geografi og kan då virke ulikt i kva bygd, kvar storm har sitt område å ruske i. Gjer førebuingar ut frå det myndigheitene seier. 
  • Slike hendingar vil truleg skje oftare i framtida.

 

Har du råd til Kvam herad eller andre i samband med “Amy”?

Eg synest det er bra at kommunen evaluerer for å finna forbetringspotenisal. Det gjekk bra denne gongen tross alt, men det var ikkje nødvendigvis på grunn av at alt var på stell.

Berre ein liten ting som dette med å rydde vegar. Ein ikkje sleppa ut kvarmannsen på slike ryddejobbar. Entreprenør på FV576 som ryngde underentreprenør laurdags morgon, det er gull verdt at dei har namn og kontaktar som kan stille opp. Men dette skulle vore gjort på førehand. Det er ein del folk som driv i skogen og har dette som fag. Det skulle vore laga eit nettverk, ei kontaktliste som hadde blitt oppringt og avtalt med på førehand. Det kunne vore ein tanke for kommunen. Kunne kanskje ha kalla det eit “brannlag”?

 

Les meir om beredskap i Kvam her

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.