Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Skal rådmannen vera rådmann?

Anita Hesthamar (arkivbilete)Formannskapet i Kvam meiner rådmannen i Kvam herad framleis bør ha tittelen rådmann.

I den nye kommunelova, som for Kvam herad sin del vart gjeldande då det nye heradsstyret vart konstituert 15. oktober 2019, er det lagt opp til at rådmannen no skal kallast kommunedirektør.

Føremålet med denne tittelendringa er å få ein kjønnsnøytral tittel. Departementet meiner at tittelen kommunedirektør også er presis, då kommunen sin administrative toppsjef er direktør for kommunen. Departementet har dessutan eit ynskje om at alle kommunar nyttar seg av same tittelen, men det er opp til kvar enkelt kommune å avgjera dette. Ei rekkje kommunar har skifta ut tittelen til "kommunedirektør", medan andre har halde på "rådmann". 

Rådmann Anita Hesthamar hadde sjølv greidd ut saka, og føreslo at Kvam herad skulle følgja opp departementet sitt ynskje, og endra tittelen hennar til kommunedirektør, sjølv om ho skriv at den tittelen "kjennest noko framand". Ho peiker på at det er ynskjeleg at kommunane får ein felles tittel på administrasjonssjefen. 

Fleire medlemer av formannskapet hadde innvendingar mot tittelendringa, og det vart lansert fleire ulike, moglege titlar, blant desse både "administrasjonssjef", "heradsdirektør" og ungdomsrådet sitt framlegg "heradsleiar". Til sist landa eit fleirtal i formannskapet på å halda på at rådmannen skal vera rådmann. Endeleg vedtak skal fattast på heradsstyremøtet 18. februar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.