Redusert drift og vedlikehald av kommunale gatelys

Etter uvêret Amy som råka Kvam 3.–5. oktober, har me fått omfattande skadar på straumnettet.  

Haringnett må prioritera arbeid på straumnettet. Alle kundar har i dag straum, men mange anlegg er baserte på mellombelse løysingar etter uvêret.

Haringnett informerer om dei mannskapet der må prioritera forsvarleg drift og forsyningstryggleik på straumnettet.

Når stoda er slik kan dei ikkje prioritera arbeid knytt til drift og vedlikehald av dei kommunale gatelysa i Kvam herad. Det er difor avgrensa kapasitet til drift og vedlikehald av gatelys i ein periode.

Fylkesvegen ved Eide med vindfall over vegbana - Klikk for stort bilete Ole Kristian Grønneng

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.