Ida Djupevåg og Vegard Eide Aase, høvesvis leiar og nestleiar i Kvam ungdomsråd møtte Sigrid Marie Orvik Benjaminsen og Trine Lise Hoffmann frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
- Det har vore nyttige dagar i vakre Kvam for å gå opp løypa for den nasjonale ungdomskonferansen. Det var særleg kjekt å møta ungdomsrådet, seier Trine Lise Hoffmann.
Kvam vart kåra som årets ungdomskommune i 2023 og me er difor vertskap for den neste nasjonale ungdomskonferansen, som vil gå føre seg frå sundag 21. til tysdag 23. september 2025. Då vil det koma engasjerte ungdomar hit frå heile landet for å læra om og diskutera demokrati og ungdomsmedverknad.
- Kvam vann prisen som årets ungdomskommune i 2023 for å gjera eit systematisk arbeid for å høyra barn og unge si stemme, til dømes gjennom ungdomsrådet, gjennom fritidserklæringa og gjennom arbeidet med oppvekstplanen. Me gler oss til det me trur vert eit fantastisk arrangement i Kvam, seier Sigrid Marie Orvik Benjaminsen.

Bilettekst: Som det høver seg ein vakker vårdag i Kvam, så vart det også tid til litt sightseeing for Trine Lise Hoffmann og Sigrid Marie Orvik Benjaminsen frå Bufdir. Her med BTI-koordinator Ingunn Hildonen Teigland og fritidskoordinator Kristin Lundblad som lokale turistguidar.