Pilotprosjekt: Innføring av digitale vassmålarar

Kvam herad gjennomfører no eit pilotprosjekt med digitale vassmålarar i private husstandar og næringseigedomar.

bilde av Kamstrup vassmålaravlesar - Klikk for stort bilete Kamstrup

 

Bakgrunn

Bakgrunnen for innføringa av digitale vassmålarar er å sikre at abonnentane betaler for nøyaktig den vassmengda dei brukar, i staden for eit stipulert forbruk. Målaravlesinga skjer automatisk og ein slepp manuell avlesing. I tillegg vil ordninga gje kommunen eit verktøy for å redusere vasslekkasjar.

Føremål

Føremålet med pilotprosjektet er å teste tekniske komponentar, kommunikasjon, dataflyt og metodikk for utrulling. Vassmålarane som vert testa, har ei rekkje sensorar, mellom anna ein sensor for akustisk lekkasjedeteksjon på stikkleidninga.

På sikt skal alle bustader og bygg som er knytte til det kommunale vass- og/eller avløpsnettet, ha ein vassmålar som er tilrettelagd for fjernavlesing.

Pilotprosjekt

Kvam herad skal teste ut om lag 50 digitale vassmålarar. 

Kommunen fastset type og storleik på målarar, kostar innkjøp av desse, og er eigar av målarane. Abonnenten betaler årleg leige for målaren, som dekker nedskriving og vedlikehald. Dette kjem fram av gebyrhefte for 2027.

Vassmålarinstallasjonen skal utførast av godkjent føretak. Dette må abonnenten koste sjølv mens sjølve målaren blir utlevert utan kostnad.

 

Har du planar om å montere eller skifte ut vassmålar, og ønskjer å delta i pilotprosjektet? 

 

Ta kontakt med prosjektansvarleg: Torgrim Skår

Tlf. 952 44 484. E-post: torska@kvam.herad.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.