Påminning til trebåtfestival og båtsommar

Ei blanding av høg promille, høg fart, køyring i mørket og manglande flyteutstyr er ofte årsak til ulukker i fritidsbåt. Sjølv med låg promille kan ein få dårlegare reaksjonsevne og ein kan bli meir risikovillig. Held du deg edru bak roret, gjer du mykje for å ta vare på deg sjølv og di last.

Til venstre: Ordførar Torgeir Næss, midten: Leiar for trebåtfestival Geir Madsen, høgre: Guro Torpe, ruskonsulent og av-og-til-koordinator - Klikk for stort bileteTil venstre: Ordførar Torgeir Næss, midten: Leiar for trebåtfestival Geir Madsen, høgre: Guro Torpe, ruskonsulent og av-og-til-koordinator

 

Med alkohol i blodet mistar me ein del ferdigheiter me treng som båtførarar. Me får dårlegare konsentrasjon og reaksjonsevne, og me vurderer konsekvensar dårlegare. Samtidig blir me meir risikovillige og meir impulsive. Me tør rett og slett meir når me evnar mindre. Det er ikkje berre ein dårleg kombinasjon, det er òg ein farleg kombinasjon. Det blir større risiko for at noko uønskt skal skje, og du taklar slike situasjonar dårlegare. I tillegg blir både overlevingsevna di og evna til å hjelpe andre redusert.

Derfor har me ei oppfordring til deg som skal føre båt i sommar: 
Ver bevisst på korleis alkohol kan påverke deg og dei rundt deg.

Mange båtkapteinar er vande med å ta ansvar for dei som er om bord. Med å ta ansvar for at båten er klar, og for at det skal bli ein fin tur. For redningsvestar, djupn, kart og fortøying. Mange kapteinar fortener ei takk for innsatsen!

Me ynskjer lukke til med Hardanger Trebåt- og handverksfestival.

Kva herad er ein av og til kommune les meir om det her!