Statnett har i desse dagar sendt melding til NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) om oppgradering av 420 kV kraftleidning i frå Blåfalli -Mauranger – Samnanger. NVE skal gjennomføra høyring av meldinga.
Føremålet med meldinga er å varsla omgjevnadane om Statnett sine planar. Meldinga og forslag til utgreiingsprogram skal gjennom ei høyring, som vil danna grunnlaget for innhenting av synspunkt i frå omgjevnadane. Føremålet med forslag til utgreiingsprogram er å visa kva tekniske løysingar Statnett meiner bør utgreiast nærmare, og forslag til program for at konsekvensar av meldte tiltak skal belysast tilstrekkeleg.
I Kvam vil linja kryssa Hardangerfjorden i mellom Belsnes og Ljoneshalvøya, vidare mot Tordalen, Botnavatnet, Heiavatnet og kommunegrensa i mot Samnanger.
Statnett melder også riving av eksisterande 300 kV kraftleidning Blåfalli – Mauranger og 300 kV Mauranger -Samnanger.
Dei overordna føremåla med tiltaket er å auka overføringskapasiteten på strekkja som ein del av ein samanhengande 420 kV forbindelse mellom Sauda og Bergensområdet.
Tiltaka som vert meldt inn vil omfatta Vestland fylke og kommunane Kvam, Ullensvang og Kvinnherad.
Statnett sin informasjon om prosjektet