Ny jaktforskrift har trådd i kraft

Frå 10. september 2026 er det opna for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng i Kvam herad. 

Med heimel i lov 20. juni 2025 nr. 102 om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) § 26 og forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøvelse av jakt, felling og fangst § 29 a fjerde ledd, vedtar Kvam herad ny forskrift: «Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Kvam herad». 

Forskrifta vart kunngjort i Norsk Lovtidend den 10. september og gjeld frå denne dato, sjå lenkja Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort, Kvam herad, Vestland - Lovdata

Føremålet med opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort er å avverja avorleg skade på natur- og samfunnsinteresser på grunn av høg bestandstettleik. 

Jegarar skal rapportera bruk av restlysforsterkande og termiske siktemidla ved felling av hjort til Hjorteviltregisteret. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.